Devika Kjersti Fossen

Eg likar å sanse meg sjølv som ei vassekte vestlandshulder, med halen godt planta i jorda, hjarta på rett stad og hovudet i himmelen… 

Født som eg var ved Folgefonnas fagre favntak i Odda, ein vakker aprildag i 1960 – blei naturens store mektighet tidlig vekka i meg. Eg fant kontakt og samhørighet med flora og fauna, fjord og fjell.

Då tenårenes utfordringar, på Grorud, Oslo, vekka meg ut av barndomsdraumen, kjente eg ei lengt… etter noke meir… det kunne vel ikkje bare handle om å få seg ein utdannelse, jobb, familie…?

Eg søkte noke eg ikkje visste om, og lengselen blei min veiviser… skulegang var eg ikkje så veeeeldi begeistra for, sjølv om eg fekk ein deal på Bredtvedt gymnas at eg kunne strikke under pulten i timane – eg blei gørrgo på `hønsestrikk´ – men eg hadde ei sterk kjensle av at verda kalla og erfaringane venta.

Med Den Reisende Folkehøgskulen bar det til vestkysten av Afrika; til Senegal, Gambia og Guinea Bissau i -79 og 80. Eg ville kjenne livets elv strøyme i meg, den som dirrar av ekthet og hadde ein forestilling om korleis eg kunne hjelpe «dei fattige» i Afrika. Men… det var eg som fikk hjelp:

Det eg opplevde var menneske som trass i sin materielle fattigdom var så utruleg rike, dei hadde eit estetisk og levande kroppsspråk, rytmer, sångar og historier som åpna noko i meg. Dei tok vare på kvarandre og delte det dei hadde. Dette rørte djupt i meg…

«Ubuntu» ordspråket gav meining – 

«eg er fordi du er»…

ei viktig livserfaring demra for meg – det satte igang ei lengt etter indre frihet og eit fysisk uttrykk for å leve fylt av kjær leik og kreativitet!

Denne lengselen gav gjenklang når eg vende oppmerksomheten innover og eg snubla over eit massasjekurs, med Lisbeth og Øyvind Lind i 1985. Der kjente eg at eg fikk kontakt med noe heilt i meg og eg fant redskap eg kunne bruke for å dele opplevelsen med andre. Derfrå gjekk veien raskt til å utdanne meg i massasjens kloke kunst, det førte meg vidare til Sverige, Danmark og India…

«Det eg opplevde var menneske som trass sin materielle fattigdom var så utruleg rike, dei hadde eit levande kroppsspråk, rytmer og sångar som åpna noko i meg. Dei tok vare på kvarandre og delte det dei hadde. Dette rørte djupt i meg.»

Tilbake i Norge

Etter 7 år med stadig utdannelse og velsigna «utlendighet», kom eg tilbake til Norge og starta for meg sjølv: Pusterommet kroppsterapi og avspenning, Nygårdsgaten, Bergen i 1992.

Eg bygde opp virksomheten saman med Kari Couchmin, etter noen år gjekk me kvart til vårt og eg tok med meg Pusterommet til sjølvaste Bryggen. Årene i Bergen i midten av -90årene var i ekte pionerånd, noke feiling og mykje læring… spanande å være med på bølga av bevissthet som skylte inn gjennom fjordarmane våre i nord!

Ved tusenårskiftet blei eg velsigna med ein god mann og ganske snart ein son, eg solgte Pusterommet til ein av mine lærlinger som dreiv det vidare.

Det bar til SørAfrika der min mann er fra, og i 5 gode år nøyt eg mammabobla i vakre og inspirerande omgivelser på garden vår N!nau´ma! i The Klein Karoo og seinare i eit fantastisk naturreservat ved Hermanes, der kvalar kjem inn for å føde…

SørAfrika gav meg ei anna rytme i kroppen, djupt forankra til jordas eige hjarteslag… igjen blei Ubuntu levandegjort i meg.

I 2005 kalte min far, som då var 86, oss nordover igjen og vi fant heim i Norheimsund. Der starta eg opp Kjelda og etterkvart studio FjordYoga.

Eg fylgjer framleis hjartas stille stemme, og utforsker Livets mange Faser med intensjonen å væra nærværande i det som skjer og inspirera andre til å finna naturlege redskap for å lytta inn og leva denna heilskapen.

Yoga er den metoden som funker best for flest.

Utdanning

2015

Virya Yogalærer

Gjennom Nordiska Yogainstitutet

2009

Body Control Pilates

Sertifisert lærer

2003 – 2005

Studert Sheng Zhen Qi Gong

Med master Li

1988 – 1992

Osho Multiversity, India

Rebalancing, pulsation, divine healing, pusteterapi, frigjørande dans og meditasjon. Eg praktiserte i fleire år som massør ved senteret.

1985 – 1988

Skolan i heilhetsterapi Gøteborg og Dalarna, Sverige

Heilhetsterapeut sertifisert 1988: massasje, soneterapi, akupressur og djupavspenningslærer.

1981 – 1983 Samfunnskunnskap og Geografi, grunnfag. Universitetet i Bergen.

1980 Forberedende. Universitetet i Oslo

1979 – 1980 Den reisende Folkehøgskole Fyrste kullet i Noreg, Halden, vi dro til Vestafrika i 3 mnd. Skreiv boka «Folk i Guinea Bissau» som oppsummering av prosjektet.

1976 – 1979 Språklinjen. Bredtvedt Gymnas

Yrkeserfaring

Eg har vore sjølvstendig næringsdrivende siden eg var 25 år og kan tittulera meg med følgjande: Kroppsterapaut, massør, fotsoneterapeut, djupavspennningslærer, rebalancer, pilates- og yogalærer.

Eg har bygd opp følgende 3 bedrifter for meg sjølv, og andre:

2009

Studio FjordYoga

I 2009 starta eg pilatesgrupper i Strandebarm, Norheimsund, Vikøy og Øysese. Det var kjekt å sjå at så mange var interessert i å ta vare på helsa si gjennom å byggje kjernestyrke og finne god kroppshaldning. Då eg i 2014 fekk tilbod om å overta eit av klasseromma i den gamle ungdomsskulen i Nordheimsund, var eg kjempeglad for å ha mitt eige Yogastudio. No slapp eg å reise overalt, folk kunne komme til eit velutstyrt studio med god stemning og fantastisk utsikt over fjord og fonn. Mitt motto er «Yoga for alle» og «Finn din kvardagsyoga»!

2005 –

Kjelda

Då eg kom tilbake til gamlelandet frå Afrika med mann og 4-åring, var eg klar til å starte eiga verksemd på nytt, denne gongen litt lengre inn i fjorden. Med hjelp frå etablerargruppa Eplakako fant eg mi nye kjelde av livskraft midt i Norheimsund. Eg ville være med å skapa ein skilnad i ei lita bygd, bidra med mitt. Iversenbygget, midt i Grova har hatt mange leigetakarar og eg har sett ulike helsebidragsytarar komme og gå, no er me eit fellesskap av behandlarar under navnet Helseloftet.

1992 –

Pusterommet kroppsterapi og avspenning

Eg var full av inspirasjon frå 7årig kroppsterapiutdannelse, ville dele og praktisere det eg hadde lært og fant gode lokaler i Nygårdsgata i Bergen. Oppstart hausten 1992. Eg hadde samarbeid med andre terapauter og vi hadde eit kvalitetstilbod av massasje og kroppsbevisstgjøring. Det var meditasjon kvar onsdag i alle år eg dreiv Pusterommet og mange spanande kurs og workshops innen heil helse og meditasjon gjennom heile -90 tallet.

Levert av Bukken.no © Kopirett - Studio Fjordyoga