Kunsten å skape kontakt

Eg trives best i det enkle, gode nærværet, i kontakten innover i meg sjølv og i forbindelsen til det som er rundt meg… å synka inn i opplevelsen av å væra del av ein heilhet.

Å kunne kvila seg inn i kroppen med sansedørene som portaler, skaper fokus, vitalite, balanserer nervesystemet og gjer livgjevande næring. 

Å trø barbeint i graset, leggja ei hand på ein rygg, tørra å sjå litt djupare inn i augene på ho som er framfor meg… finna det som bind oss saman utan ord eller konsepter… dette er enkle redskap for helsebringande kontakt. 

I ei verd med virtuell informasjon i overflod, er det endå viktigare å oppretthalde sansespråket, bruka desse portalane som måter å kvila seg inn i kroppens sanserom, inn i øyeblikket.

Berøring er ein av dei mest effektive måtene å skapa kontakt på. Det er vårt urspråk, ei kommunikasjonsform med umiddelbar effekt. 

Nokre gonger kan det væra nok å gå litt langsommare, kjenna korleis foten rullar på underlaget…

Svinge ekstra med hoftene på skogturen…

Spise saaakte og verkeleg smake alle nyansene i eit måltid, ta fargane og formene inn…

Ta deg eit pusterom i kvardagen og strekke deg som katten, la tyngdekrafta hjelpa deg å landa, neå fra tankevirksomheten – inn i kroppen… la pusten pusta deg! 

Å lage små lommer av skjønnhet – ein blom, eit levande lys, musikk i rommet, eit godt måltid – er portaler inn i nærværet. Her kan vi kvila oss… finna kontakt med det som rører seg litt djupare, skape rom for aksept og la harmoni sleppe til. 

Kva er din kontaktskapande praksis? 

Korleis skaper du kontakt med det gode nærværet som bur i deg?

Kan du bli… her?