Kjelda massasje

Når folk spør kva eg driv med, kan eg fortelja at eg er kroppsarbeidar med over 30 års fartstid i yrket.

Massasje har vore min lidenskap og vegvisar, som ein god venn eg har støtte meg på og som har gitt meg uendelig mange vakre, nærande og helsebringande møter, siden eg starta opp i Halmstad i 1985.

Eg dro til India som 28 åring og fikk lære av nokre av verdas beste bodyworkers på eit fantastisk helsesenter i Poona. Eg assisterte i massasjetreningene, mediterte og dansa i 4 år til eg venleg blei `kasta ut´ i verden igjen og landa i Bergen.

Eg starta Pusterommet i Nygårdagata, det blei ein fantastisk læringsperiode. 10 år seinare var eg lykkelig gravid med ein av Afrikas vakreste menn…

6 år seinare kom me tilbake fra 5 gode år i Sør Afrika og landa først i Tørvikbygd, så i Tolomarka, på ei hylle med utsikt til Fonnas vare ljos, me fant nye røter i vakre Kvam.

Her driv eg individuell massasje på Kjelda mi, 2. etg Iversenbygget – på Helseloftet.

Mitt fokus er å inspirere deg til å finna redskap som gjer deg heil – så du kan la den gode kjensla av nærvær dirra i kropp og sinn… la opplevelsen av heilskap harmonisk jorda seg inn i kjelda di, den du alltid kan komma tilbake til, ho du får næring frå og kan kvila deg inn i…

Eg bruker eteriske oljer av høgaste kvalitet i mine behandlingar, dei har ein terapeutisk effekt i seg sjølv.

Kroppens eige språk…

Massasje er tett på det opprinnelige… eit urspråk. 

Det er ein måte å kommunisere på som gir djup avspenning og nærvær i kropp og sinn.

Eg praktiserer heilhetsmassasje. Eg jobber med fotsonene, akupressurpunktene, eg legg stor vekt på avspenning og velværeaspektet i behandlingen. Eg bruker ulike teknikker og dybder i berøringen. Mange kommer til meg med stive, vonde kropper, trøtthet og smerter. Hendene mine kjenner korleis kroppen treng å bli berørt, om eg får lov til å gå djupt, nokre gonger blir det litt på grensa «gont» (godtvondt) for å få fart på Qi, på energien. 

Ein ting veit eg; massasje hjelper for det meste!

Små barn kan bli sjuke om dei ikkje får berøring. Vi treng det alle, det er naturlig medisin for den fysiske – og for følelseskroppen vår. Å ta imot venleg og kyndig massasje hjelper kropp og sinn å aktivere egen evne til å finne djup ro og dermed helbrede seg sjølv. Rett pust og bevisst berøring frigjer dei gode hormonene som endorfin, seratonin, dopamin, oxytocin som er med å skape nærende balanse og livskraft.

Men du får ikkje bare massasje av Devika:

Kroppsholdningen er særs viktig ! 

La Devika «stable deg» inn i korrekt nøytral grunnstilling, så skjelettet og musklene kjem inn i oppbyggende bevegelsesmønstre. Dette er nokre av dei viktigaste byggjesteinane og grunnlaget for god helse. For å auka din kroppsbevissthet kan Devika finne nokre enkle øvelsar som du kan praktisere heime. Øvelsane er henta fra Qigong, Pilates eller Yoga. 

Prisar massasje

90 min:

ein lang massasje med tid for prat og te: kr 950

bestiller du ein ny 90 minutters betaler du kr 850 for neste.

60 min: bare massasje kr 750

Student kr 700 1,5 time, kr 600 for 1 time

Massasje for born: 

ein måte å hjelpe barnet å utvikle trygghet og kroppsbevissthet.

kr 450 – 550

Rabattkort for vaksne:

5 gangar kr. 3.900

10 ganger kr. 7.400

> Betal med kontant eller med Vipps > Betalingsblankett kr. 50,- ekstra

Levert av Bukken.no © Kopirett - Studio Fjordyoga