Kva kan eg gjere for deg?

Studio Fjordyoga

Eg tilbyr 12 vekers kurs i Pilates og Yoga kvar haust og vinter/vår. Kvar klasse har ulikt fokus med ein raud tråd som handler om å auka kroppsbevissthet og finna balanse og styrke i kropp og sinn.

Det er og andre yogaworkshops og helsekurs på Studioet.

Gjennom sommeren tilbyr eg enkeltklassar på studioet og uteyoga i Tolomarka.

Rens Deg

har du lyst å få inspirasjon til å legge om mat og drikkevaner?

Eg kjører 2 eller 3 vekers online rensekurs med litt ulikt fokus i forhold til årstidene. Ryggraden i rensen er ulike frø og nøtter «frøkost» og spise reinare, lettare og grønare. Du får ein email kvar morgon med masse inspirasjon til å skape din egen rensereise.

Bedriftsyoga

Er din arbeidsplass åpen for å bruke naturlege og effektive metoder for å få gladare, meir kroppsbevisste ansatte? Eg skreddersyr eit tilpassa program for deg (og dine ansatte). Eg hjelper dykk å finna ein rytme med eit dagleg pusterom der sinnet får kvile seg inn i kroppens lune rede. Kvar og ein kan hente fram ny energi, skape balanse og overskudd.

Massasje

På Helseloftet, Iversenbygget, midt i Norheimsund sentrum driver eg Kjelda massasje.

Her kan du få ein djup avspenningsmassasje og få hjelp til å finne god kroppsholdning og naturleg pust. Berøring er kroppens første språk. Massasje er ein naturleg metode for å finna balanse og harmoni. Det setter igang kroppens egen evne til å helbrede seg sjølv.

Yogareiser

Lyst å komme djupare inn i yogaens verd? Bli med på ferie med meining.

Kombiner strandliv på Malagakysten eller skogturer i Toscana med yogaens verdenen. Bli med på helsebringande reiser til Italia på hausten eller Spania om våren.

Se meir under Yogareiser!

Huldresirkelen

Har du ei hulder under huden? Rykker det i halen og du bare måååå danse?

Kjenner du deg i slekt med jorda, med naturkreftene? Då er huldra levande i deg… villkvinna som kjenner seg sjølv og veit at ho er del av Naturens mektige favntak. 

Kom huldresøstre – la oss samles. Les meir under «feminin basecamp».

Ta ansvar for helsa di…

Å lytte innover til kroppens stille, vise stemme er ein viktig nøkkel for å leve i balanse og harmoni med oss sjølve og verda rundt oss. Å ha kontakt med seg sjølv, kjenne på magefølelsen, vite kva mine behov er, kor grensene går og kvile djupt inn i vår eiga kjelde av livskraft – er essensielt for helsa vår.

Spiser du den maten som er god for deg?

Trener du korrekt?

Får du nok kvile til å regenerere deg?

Finn din kvardagsYoga…

På stovegolvet, på jobben, i naturen…

la din egen yogapraksis skape grunnlaget for å ha ein smidig og sterk kropp gjennom livets utfordringar og inn i alderdommen, det er gull verd.

Det handler om nærværsbasert trening. Å sanse korleis ryggraden har det, kvile tankane inn i pusterytmen og la pusten puste deg… skape sunne bevegelsesmønstre. Finn din kvardagsyoga og kjenn deg Heil.

Yoga er for alle!

Bildet er av min vennine Ranatha, ei fantastisk yogini, healer og klovn.

Skap eit overskudd av livskraft:

Det kan væra enkelt… du behøver ikkje stå på hovudet eller trene så svetten siler 5 gonger i veka. Du kan med naturlege metoder finne heilskapande vaner for kropp og sinn. Verkeleg helse handlar ikkje bare å væra sjukdomsfri men ha eit overskudd av kraft. Kunsten er å ha kontakt med den indre visdomen og halda fram med å praktisere det du veit er godt for deg! 

UTEyoga er deilig, me bruker Naturen som treningsrom der vi finn sentrering gjennom pust, påkobling av senteret og kjenner livskrafta bruse med kroppens rytmer og kontakt med bakken.

Eg kan inspirera deg til å finne ei enkel og god helsepraksis som passer deg!

Levert av Bukken.no © Kopirett - Studio Fjordyoga